Driftslogg
21.09.2025 13:08:42

Vi har foreteke utspyling av leidningsnettet i dag på Børnes og i Korsnes for å redusera mest mulig eventuelt farge på vatnet. Men det kan framleis vera farge hos enkelte abonnentar. Lat kaldt vatn stå på renning dersom det framleis er eit problem.
20.09.2025 23:20:43

Vi har hatt lav ph på reint vatnet over tid. Vi auka dosseringa av vannglass i går. Dette kan føra til farge på vatnet. Dette er ufarlig belegg som ligg i røyrene og som lett slepper når vi aukar dosseringa av vannglass. Lat kaldt vatn stå på renning dersom det er eit problem. Alle abonnentar som har lagt inn mobil nummer sitt har fått varsel på SMS i dag kl 13.00.
29.06.2025 12:39:41

Det ser ut for at lynet i natt har slege ut anlegget på Eik. Lite vatn hos dei av abonnentane som ligg høgast. Vi har folk på plass i anlegget no, så vi reknar med at vatnet er tilbake i løpet av kort tid.
15.12.2024 15:45:59
Lekkasjen er no lokalisert til området Skorane. Meir nøyaktig søk vart føreteke i dag av kommunen, so no har vi lokalisert staden. 3 abonnentar vil vert råka av reparasjonen. Arbeidet vert utført etter jul i samråd med entreprenør. Det same vert planlagt arbeid med ny vassleidning til Beinavikjo.
27.11.2024 07:40:24

Vatnet vert stengt onsdag 27. november frå kl. 1900 -2100 grunna lekkasjesøk. Dette gjeld alle abonnetar frå Brekketoppen - Rød.
02.09.2024 10:57:46

Planlagt stenging av vatnet tirsdag 3. september frå kl. 12.00 i forbindelse med nedsetting av ny kum på hovudleidningen på Eik. Stenginga gjeld alle abonnentar på Eik og Steinsletto, med unntak av dei som ligg på nedsida av fylkesvegen frå Eikeelva og til og med Eikelandet Brygge. Arbeidet vil pågå ut over dagen og vatnet vil bli sett på utan varsel.
11.08.2024 18:20:34

Styrtregn og flaum i Eikeelva førte til at UV stoppa pga lav intensitet fredag 26.07 frå kl 11.00 -15.00. Fult basseng så ingen abb vart råka. Drifta manuelt med 2 UV fram til fredag kl 22.00
Publisert: 30.09.2013
Velkommen til Uskedal Vassverk SA
/14976CB10C6F0095C12584690048091E/$File/Hogdenbassenget.jpg)
Her på heimesida finn du nyttig informasjon om vassverket, kven du skal kontakta, di eiga medlemside der du kan redigera di eiga e-postadresse, mobiltelefon osv. Her finn du og kopi av faktura for vassavgifta. Eigarskifte av eigedommen skal meldast på «Kontakt oss». Likeins skal dei som søkjer medlemskap/tilknyting nytta «Kontakt oss». Eit eige felt for driftsmelding finn de i venstre margen. Her kan de lesa alle driftsmeldingar fortløpande.
Viktig no, er at alle går inn på «Mi side» i venstre margen, slik at vi får registrert alle våre medlemmer med e-postadresse og eventuelt mobiltelefon for dei som ynskjer SMS-varsling eller e-post ved vassbrot og liknande. Følg instruksen på sida for førstegongsinnlogging og fyll ut alle felta på «Mi side»:
Brukarnamn: Vnr: finn du på fakturaen. (5 siffer).
Passord: Etternamn på abonnent med små bokstavar.
Hugs å bytte passord etter førstegongsinnlogging!
Har du fleire abonnement, så er det ei «Mi side» for kvart abonnement som du må logga deg inn på. Faktura for vassavgifta vert i framtida sendt som PDF-fil til den oppgitte e-post- adressa, men kan også hentast frå mine faktura på «Mi side». Når det gjeld bedrifter, lag og organisasjonar så må dei kontakta oss, så skal vi få lagt dei inn manuelt på «Mi side». Når det gjeld EHF-faktura til bedrifter så kjem vi tilbake til det seinare. Vi arbeider med den saka.
Årsmøtet vedtok at framtidige faktura skal sendast på e-post til den enkelte abonnent. Dette vil spara laget for store årlege kostnader, til porto og ikkje minst arbeid med utskrift og pakking. For dei som vi framleis må senda ut faktura i posten til, vil det frå og med neste år koma eit fakturagebyr på Kr. 50,-.
Er det nokon som ikkje har tilgang til internett så tek de kontakt med Klara eller Hans Reidar, så finn vi ei løysning på det.
Har de spørsmål om korleis ein skal gå fram for å logga seg inn på «Mi side» eller det er nokon som ynskjer å dela opp årsavgifta for i fleire terminar, så kan ein kontakta Hans Reidar Kjærland på tlf. 997 01 819, e-post hr.kjaer@online.no eller Klara Bakke på tlf. 928 11 485, e-post klara_bakke@hotmail.com.
Vi håpar at sida kjem våre medlemmer til nytte og vi tek meir enn gjerne i mot ris og ros på kontakt oss.
Vis flere forside artikler >>